Nå blir det kåring av den verste og beste emballasjen - Miljøindex

Nå blir det kåring av den verste og beste emballasjen

Illustrasjon artikkel

Nå ber Forbrukarrådet og Svanemerket deg og meg om hjelp til å finne gode og dårlege eksempler på emballasje i norske dagligvarehyller.

I følge Miljømerking sitter Forbrukerrådet, Svanemerket, Norner og Østfoldforskning i juryen.

Nå trenger disse hjelp av forbrukerne til å finne fram til den beste og verste emballasjen.

 

Tekst: Miljømerking

Del forslaget ditt med oss på Facebook eller Instagram ved å bruke #smartemballasje innan 15. oktober. Skriv gjerne kor du kjøpte vara, eller lenkje til nettbutikk. Kanskje blir nett forslaget ditt med i kåringa av beste og verste emballasje.

 

Vil ha mindre emballasje som ikkje trengst
 

– Plastemballasje til daglegvarer har ein funksjon, men blir som regel brukt berre ein gong. For ofte er det mykje luft og unødvendig mykje plast rundt produkta. Med denne kåringa håper vi at fleire produsentar og daglegvarekjeder bryr seg enda meir om korleis dei pakkar inn daglegvarene, seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Gunstein Instefjord.

Plast kan vere nyttig for å bevare mat lenger og redusere matavfall, men det negative med plast blir stadig meir synleg. Verda sin plastproduksjon har auka til over 300 millionar tonn per år. Kvart år lek minst åtte millionar tonn plast ut i havet.

Difor håper Svanemerket, som bidreg med kompetanse i kåringa, at dette kan auke bevisstheita rundt kva som er god emballasje.

– God emballasje tek vare på produkta som er inni og fører til mindre svinn, mens dårleg emballasje sløser med ressursane. Sjølv om dette er eit komplekst område, er det mange som finn gode løysingar, seier Anita Winsnes, direktør i Svanemerket.

 

Les mer